Dersom du har baka kransekake, nøttetoppar eller andre kaker med berre eggekviter i, er dette ei god oppskrift på heimelaga is. Her brukar vi heile seks eggeplommer til 1/3 liter kremfløyte.
Dette treng du:
- 6 eggeplommer
- 1/3 liter kremfløyte
- Ca 150 g sukker
- Daim etter smak (cirka 1/3 plate)
Slik går du fram:
1) Hakk daimsjokoladen.
2) Fordel sukkeret i to bakebollar, tilsett fløyte i den eine bollen og eggeplommer i den andre. Pisk fløyte og eggeplommer stive kvar for seg. Blandinga med eggeplommene skal bli svært stiv og luftig.
3) Bland forsiktig saman eggeplommeblandinga, den piska fløyten og daimsjokoladen.
4) Fyll iskremrøra i ei form med lokk, og sett i frysaren.
Dersom du følgjer denne oppskrifta, treng du ikkje å røre i iskremblandinga etter at ho er sett inn i frysaren. Vips så har du ein luksus heimelaga is som gjerne kan serverast med krumkake, kransekake eller liknande!